Årsmøte 2023
Postet av Idrettslaget Høyang den 18. Jan 2023
Innkalling til årsmøte i Idrettslaget Høyang 2023
Styret kallar med dette til årsmøte i Idrettslaget Høyang.
Årsmøtet vert helde torsdag 16. mars 2023 klokka 18.00 på Øren hotel.
Saker som eit medlem ynskjer behandla på årsmøtet, må sendast styret seinest 17.02.23 til Hilde Johanne Bjørkhaug på hjbjorkhaug@hotmail.com
Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengelig for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet på heimesida til Idrettslaget Høyang og i Ytre Sogn avis.
For å ha stemmerett og kunne velgast til verv må ein ha vore medlem av Idrettslaget Høyang i minst ein månad, fylle minst 15 år i det kalenderåret årsmøtet vert helde, og ha gjort opp sine økonomiske forpliktelser til Idrettslaget Høyang. Alle medlemmar har uansett møterett, talerett og forslagsrett.
For meir informasjon om årsmøte samt regler om stemmerett, valgbarheit, forslagsrett mm., sjå IL Høyang si lov. Ved spørsmål som gjeld årsmøtet, kan Idrettslaget Høyang ved Tor Aleksander Dale.
Påmelding:
Aktivitetsmessa
Postet av Idrettslaget Høyang den 4. Okt 2022
Vinnarar etter trekning på dei som møtte på aktivitetsmessa måndag 26.09.22.
- Amelia Torvanger Wangensteen
- Annabel Hofrenning
- Nico Alexis Araya Eide
- Lenader Austreim Eldevik
- Tia Adriana Ullebø
Vinnarane kan gå på Sporten i Høyanger og hente seg kvar si IL Høyang t-skjorte.
Vi gratulerer!
Nytt tilskudd til breddeidretten
Postet av Idrettslaget Høyang den 2. Okt 2020
På styremøte i IL Høyang vart det einstemmig vedtatt at Idrettslaget Høyang opprettar ei biljardgruppe. Dette vart gjort på grunnlag av ein søknad frå eldsjeler som ynskjer å bli ein del av laget.
Biljardgruppa har no ei prøvetid på 6 mnd. og vert formelt ein del av idrettslaget på årsmøtet i 2021.
For opptak av ny gruppe i idrettslaget med påfølgende innmelding i særforbund krever det eit årsmøtevedtak i protokollform fra idrettslaget.
Dette er rekna som endring av organisasjonsstrukturen i idrettslaget og krever at organisasjonsplanen til idrettslaget blir oppdatert.
Organisasjonsplanen skal behandles på årsmøte jf. årsmøtets oppgaver.
Biljardgruppa skal ha trening både for junior (13-19 år) og senior.
Biljardgruppa nyttar lokale på ungdomsklubben.
Styresamansetning:
Leiar: Thord Are Stølen
Nestleiar: Kurt Hande Aardal
Sekretær: Iseline Stølen Gåsemyr
Styremedlem: Pål Fredriksen
Idrettslaget Høyang ynskjer den nye gruppa velkommen i laget. Vi ser med stor glede på at vi kan ha endå eit tilbod.