IL Høyang

Idrettslaget Høyang er ein organisasjon i Høyanger kommune, med fokus på sport og idrett for alle aldersgrupper. 

IL Høyang skal vere ein open og demokratisk organisasjon der formålet er å drive idrett organisert i Noregs idrettsforbund og olympisk og paraolympisk kometè (NIF)

Arbeidet skal pregast av  frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. Alle idrettslege aktivitetar skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.


Visjon

Idrettsglede, engasjement og plass til alle


Våre mål er å:

  • Rekruttere nye medlemmer og behalde dei vi har
  • Skal vere open for alle og drive med idrett for alle
  • Jobbe mot born, vaksne og innvandrarar
  • Synleggjere medlemsfordelane som til dømes rabatt på Coop Sport’n
  • Jobbe for å få utvida idrettshallen med ein sal ekstra
  • Leggje til rette for treningstider
  • Utarbeide aktivitetskalendar
  • Halde kurs i bruk av hjartestartar
  • Legge til rette for kurs etter behov for trenere, lagsleiarar og styremedlemmer i IL Høyang
  • Auke foreldreengasjementet
  • Ferdigstille påbyrja nettside
  • Forsette det gode samarbeidet med kommunen og andre viktige støttespelarar og sponsorar
  • Gjennomføre idrettsfest om vedteke av styret



Levert av IdrettenOnline