Nytt tilskudd til breddeidretten

Postet av Idrettslaget Høyang den 2. Okt 2020

 

På styremøte i IL Høyang vart det einstemmig vedtatt at Idrettslaget Høyang opprettar ei biljardgruppe. Dette vart gjort på grunnlag av ein søknad frå eldsjeler som ynskjer å bli ein del av laget.

 

Biljardgruppa har no ei prøvetid på 6 mnd. og vert formelt ein del av idrettslaget på årsmøtet i 2021.

For opptak av ny gruppe i idrettslaget med påfølgende innmelding i særforbund krever det eit årsmøtevedtak i protokollform fra idrettslaget.

Dette er rekna som endring av organisasjonsstrukturen i idrettslaget og krever at organisasjonsplanen til idrettslaget blir oppdatert.

Organisasjonsplanen skal behandles på årsmøte jf. årsmøtets oppgaver.

 

Biljardgruppa skal ha trening både for junior (13-19 år) og senior.

 

Biljardgruppa nyttar lokale på ungdomsklubben.

 

Styresamansetning:

Leiar: Thord Are Stølen

Nestleiar: Kurt Hande Aardal

Sekretær: Iseline Stølen Gåsemyr

Styremedlem: Pål Fredriksen

 

Idrettslaget Høyang ynskjer den nye gruppa velkommen i laget.  Vi ser med stor glede på at vi kan ha endå eit tilbod.