Hovudstyret:  Består av eit arbeidsutval (AU) og alle gruppeleiarane som er styret sine styremedlemmer. AU består av leiar, nestleiar/kasserar, skrivar og eit varamedlem, som møter fast.

Gruppene: Handball, fotball, turn, friidrett, barneidrett, karate, innebandy og vinteridrett.


Årsmøtet

  • Årsmøtet er lagets høgste myndigheit
  • Årsmøtet vert halden ein gong i året. Seinast 31. mars.
  • Protokollen frå årsmøtet skal sendast til SFIK, Høyanger Idrettsråd og til hovudsponsor.
  • Innkalling til årsmøte skal skje seinast 1 månad før møtet er fastsett
  • Innkalling annonserast i lokalavisa og på heimesida / FB.
  • Innkomne forslag må vere styret i hende minst 2 veker før årsmøtet.
  • Årsmøte er for medlemmer i klubben. Dvs dei som har betalt medlemskontingent.  
  • Årsmøte legg grunnlaget for styret sitt arbeid og alle som ønskje å bestemme korleis klubben skal drivast bør stille på årsmøtet
  • Årsmøtet skal gjennomførast slik det er festsett i lovnorma.


Styrets funksjon og samansetning

Styret skal 

  • Planlegge og ivareta laget si totale drift , budsjett og rekneskap samt oppgåver pålagt gjennom NIF si lovnorm
  • Setje i verk vedtak som vert gjort på årsmøte eller anna overordna idrettsmyndigheit
  • Stå får dagleg drift og representere laget utad
  • Disponere laget sine inntekter (tilskot, kontingent o.a.) og fordele desse etter plan og godkjend budsjett
  • Utnemne komitear og utval etter behov, samt utarbeide instruks for desse

Leiar

  • Er idrettslaget sitt ansikt utad og laget sin representant i møter og forhandlingar
  • Stå får laget sin daglege leiing, koordinere styret  og laget sin totale aktivitet
  • Kalle inn til styremøter, AU møter i lag med skrivar og førebu saker og lede møta.
  • Er ansvarleg for vedlikehald av politiattestar hos trenerar, oppmenn og andre personar i laget som vert pålagt attest.
  • Ha oversikt over kven i laget som har kurs i bruk at hjartestartar
  • Overordna ansvar for lagsbussen
  • Sjå til at organisasjonsplanen vert gjort kjent for alle i klubben
  • Vidaresende viktig informasjon frå idrettskrins og andre instansar til heile styret 

Nestleiar

  • Fungere som leiar ved fråvær

Skrivar

  • Kalle inn til styremøter og AU møter i samråd med leiar
  • Skrive referat  frå alle styremøter, AU møter og medlemsmøter
  • Sørgje for å samle inn årsmelding frå gruppene og skrive årsmelding for hovudstyret
  • Sørgje for å sende inn årsmelding og årsmøtereferat med val til SFIK innan gitte fristar
  • Organisere kurs  
  • Organisere idrettsfest
  • Ansvar for annonsering
  • Ha oversikt over søknadsfristar ang. ulike tilskot som for eksempel kulturmidlar

Kasserar

  • Disponerer laget sine midlar og ha fullmakt til laget sine bankkontoar
  • Ha kjennskap til kontoplan og føre rekneskap ihht lova
  • Ha til ei kvar tid oversikt over laget og gruppene sin økonomiske situasjon og følgje opp denne
  • Settje opp resultatrekneskap ved årslutt og sjå til at dette vert revidert til årsmøte
  • Gje råd og rettleiing til gruppene sine kasserarar
  • Setje opp budsjett 
  • Ha kontroll med medlemslister og kontingent
  • Følgje opp idrettsregistreringa til gruppene

Gruppeleiarar

  • Styremedlem i hovudstyret
  • Lage aktivitetsplan for året
  • Ansvar for oppdaterte medlemslister
  • Ansvar for budsjett og treningsavgift saman med styret
  • Sørgje for at gruppa fungerer 
  • Gjennomføre idrettsregistrering

Varamedlem

  • Første vara møter på alle styremøter og AU møter.  

Revisor

  • Revisor skal vurdere om årsrekneskapen er utarbeidd og fastsett i samsvar med idrettens rekneskap-  og revisjonslovnad.  Samt sjå til at styret har oppfylt plikta si om skikkeleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av rekneskapsopplysningane.

Valnemd

Valnemd har ein av laget sin viktigaste oppgåve. Dei har ansvar for personalmessig og funksjonelle utvikling av laget ved å rekruttere nye styremedlemmer
  • Valnemnda skal ha skrifteleg melding får medlemmer som ikkje tek attval seinast 31.12. kvart år. Kopi til medlemmane i AU.
  • Ha dialog med hovudstyret ang ulike kandidatar for styreoppdrag og på den måten finne personar som er kvalifisert, har kunnskap, tid og interesser for oppdraget
  • Under årsmøte presentere valnemda sitt forslag

Undergruppene

  • Kvar gruppe skal ha minst fire personar i styret, avhengig av gruppa sin storleik.  Hovudstyret kan delegere oppgåver og arrangement til undergruppene.