Trakassering og overgrep - rettleiar
Mobbing, seksuell trakassering og overgrep
IL Høyang godtek ikkje mobbing eller utestenging. Vi er eit inkluderande idrettslag. Skjer det hendingar som involverer mobbing skal ein melde i frå til trenar, lagsleiar eller oppmann.
Idrettslaget har nulltoleranse for seksuell trakassering og overgrep. Ved situasjonar som omhandlar seksuell trakassering og overgrep kan ein i tillegg til trenar, lagsleiar eller oppmann, melde inn til hovudstyret.
Vi følgjer Norges Idrettsforbund sine retningslinjer for seksuell trakassering og overgrep. Disse retningslinjene er innarbeida under reglane for IL Høyang under:
Følgende retningslinjer gjelder i IL Høyang
- Behandle alle med respekt, og avstå fra alle former for kommunikasjon, handling eller behandling som kan oppleves som krenkende.
- Unngå berøringer som kan oppleves som uønsket.
- Unngå alle former for verbal kommunikasjon eller intimitet som kan oppleves som voldelig eller seksuelt ladet.
- Unngå uttrykk, vitser og meninger som omhandler utøveres person, herunder evne, kjønn eller seksuelle orientering, på en negativ måte.
- Tilstrebe å ha begge kjønn representert i støtteapparatet.
- Unngå kontakt med utøvere i private rom uten at det er flere til stede eller det er avtalt med foresatte eller idrettsledelsen.
- Vise respekt for utøverens, trenerens og lederens privatliv.
- Unngå doble relasjoner. Dersom et gjensidig forhold etableres bør situasjonen tas opp og avklares åpent i miljøet.
- Ikke tilby noe form for motytelse i den hensikt å forlange eller forvente seksuelle tjenester i retur.
Retningslinjer for foreldre/føresatt:
- Respektere laget sitt arbeid. Det er frivillig å vere medlem av IL Høyang, men er du med følgjer du våre reglar
- Engasjer deg, men hugs at det er borna som driv idrett – ikkje du
- Respekter trenaren – deiras arbeid og anerkjenne dei ovanfor borna dine
- Lær borna folkeskikk – gå føre med godt eksempel
- Lær born å tole både medgang og motgang
- Motiver borna til å vere positive på trening
- Vis god sportsånd og respekt for andre
- Ved ueinigheit snakkar du med den det gjeld – ikkje om!
- Hugs det viktigaste av alt; er at borna trivs og har det kjekt!
Retningslinjer for utøvarar:
- God haldningar
- Respekter kvarandre
- Lojalitet mot klubb og trenar
- Hjelpe og motivere kvarandre
- Følgje klubben sine reglar
- Godt samhald
- Stille opp på treningar og stemne/kampar ein har forplikta seg til
- Vise engasjement
- MOBBING ELLER UTESTENGING ER IKKJE AKSEPTERT
Retningslinjer for trenarar:
Som trenar i IL Høyang skal du bidra med:
- Å fremje eit godt sosialt miljø, lagånd og venskap
- At ein utøver kan drive med fleire idrettar
- Samarbeide og ha god kommunikasjon med andre trenerar, leiarar og føresette
- Å vere eit godt førebilde
- Å møt presis og vere godt førebudd til kvar trening
- Å vere ein god inspirator og motivator
- Å bry deg litt ekstra og involver deg i utøvarane dine
- Å vise god sportsånd og respekt for andre
- Å vere bevisst på at du gjev alle utøvarane merksemd
- At ein kvar utøvar eller gruppe skal utfordras til å utvikle sine ferdigheiter