Historisk løft for idrettslaget – handballgruppa i mål med sertifisering

Postet av Aina Drage den 20. Mar 2026

IL Høyang si sertifisering «Klubbhuset nivå 1» gir ein enklare kvardag for alle!

Handballgruppa har i om lag eitt år arbeidd med å setje drifta av klubben i system. No er vi endeleg offisielt sertifisert som ein "Klubbhuset nivå 1 - klubb" av Norges handballforbund. Det omfattande arbeidet starta på nyåret 2025Målet har vore å skape ein betre klubbkvardag for både spelarar, trenarar, dommarar, foreldre og frivillige i Høyanger


Mindre personavhengig drift

Hovudpoenget med sertifiseringa er å få faste rutinar og prosedyrar ned på papiret. Dette gjer at drifta vert langt mindre avhengig av enkeltpersonar. 

– No finst det eit rammeverk og eit referanseverk som folk i ulike roller kan nytte seg av for å få konkrete svar på korleis oppgåver kan løysast, seier Aina Drage og Tommy Ølmheim, som har vore sentrale i prosessen. Dei håpar dette vil gjere det lettare for fleire å ta på seg verv i klubben i framtida.


Alt er samla på nettsida

Som ein del av prosjektet er alt av dokumentasjon og malar no gjort tilgjengeleg for alle på IL Høyang sine nettsider. Her kan du finne alt frå:

  • Treningsmål og fagressursar for ulike aldersgrupper. 

  • Ein detaljert sportsplan som tek føre seg utviklingsmål og trenarrolla.

  • Praktiske oversikter over korleis ein set opp sekretariat og innbyttarbenkar m.m. til kamp.

  • Presentasjonsmalar til foreldremøte.


Vegen vidare

Sjølv om nivå 1 no er i boks, understrekar handballgruppa at dette er eit levande materiale som skal utviklast vidare i takt med klubben si drift. Sertifiseringa varer i eitt år før klubben må resertifiserast.

IL Høyang og handballgruppa ønskjer også å vere ein inspirasjon for andre. – Vi deler gjerne vårt materiale og våre erfaringar med andre idrettslag. Her er ingenting hemmeleg, seier dei.

Klubbhuset nivå 1 - sertifikatSiv Ølmheim og Tommy Ølmheim har hatt ansvar for den sportslege delen, ein av fem hovudkategoriar i Klubbhuset-konseptet.  



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.