Nyheter
KM 2026 - Sandane
KM-gull til J15 – sterk innsats frå fleire lag i KM futsal
Helga vart ei svært kjekk oppleving for klubben under KM-sluttspelet i futsal. Aller best gjekk det for J15, som leverte ei imponerande turnering. Laget gjekk gjennom heile sluttspelet utan tap og tok seg heilt til finalen på Sandane. Der venta Dale, men J15-jentene hadde full kontroll og sikra seg KM-gullet med ein solid 2–0-siger. Ei strålande prestasjon og velfortent gull!
Fleire av dei andre laga våre leverte også gode turneringar. J14 spelte seg fram til ein sterk tredjeplass og kunne reise heim med bronsemedaljar.
G14, G13 og G15 kjempa godt, men rauk dessverre ut i kvartfinalane etter jamne kampar.
For G19-laga vart det også spennande kampar. Førstelaget tok seg heilt til semifinalen, der det vart tap mot Sandane. I bronsefinalen måtte dei til slutt sjå seg slått av Bjørn. Andrelaget i G19 gjekk ikkje vidare frå puljespelet, men leverte likevel god innsats gjennom turneringa.
Vi gratulerer J15 med KM-gull og takkar alle laga for flott innsats og god representasjon av klubben! 👏⚽🏆