Omberamme kamp?

I samband med planlegging av sesongen kan det hende de ønsker å flytte ein kamp. Her finn du framgangsmåten.

Alle omberammingar, i klassane 11 år til senior, skal berre søkast via TurneringsAdmin (TA) (klikk for brukerveiledning), og kan berre utførast av personer som har tildelt riktig funksjon av klubben:

  • Leiar,
  • Daglig leiar
  • Kampansvarleg klubb


Rutinane på korleis flytte ein kamp:

  • Avtale med motstandar:
    • Det skal avtalast nytt kamptidspunkt med motstandar før ein søker
    • Berre henvendelse til klubbens epostadresse (klubb@rvn.handball.no) er gyldig om ein opplever å ikkje få svar innan 5 dagar slik det står i reglementet.
    • Å kontakte motstander via telefon er ofte det enklaste.
    • Kven ein har avtalt nytt kamptidspunkt med skal oppgis i skjema.
  • Er hallen ledig?
    • Ein har ansvar for å sørge for at hallen er ledig på nytt tidspunkt. Sjå banedagboka.
    • Det kan påløpe ekstra kostnader i halleige til den som søker omberamming.
  • Dommarar til kampen:
    • Står det dommarar på kampar, skal desse bli spurt om dei kan dømme på nytt tidspunkt.
    • Står det dommarar på kampen, men dei ikkje kan dømme på nytt tidspunkt, må søkar skaffe nye dommarar før ein søker.
    • Dersom det ikkje er dommarar på kampen, treng ein ikkje skaffe dommarar til kampen. 

Ingen omberamming er gyldig og gjeldande før endringsmelding er sendt ut pr e-post (til klubbens adresse: klubb@rvn.handball.no) frå NHF region vest og terminlista på handball.no er oppdatert med nytt kamptidspunkt.

I aldersklassane 6 til og med 10 år spelast kampane i eit rundespel, og desse  kan ikkje omberammast.

Omberammingsreglementet finn ein ved å trykke slik: 

www.handball.no - Regioner - Region Vest - Praktisk info - Lover og regler - kampreglement Region Vest - Punkt 13 regler omberammelse. 


Fri/gratis omberammingsperiode. 

To gonger i året tilbys gratis omberammingsperiode for alle lag. Dette er i forkant av sesong og i en periode i desember/januar. Periodane varslast på Norges HandballForbund sine heimesider. I tillegg til dette tilbys gratis omberamming på 14 dager ved endring av terminlister og ved nye kampar etter kvalifiseringsrundane i september/oktober. Dette vil innvolverte partar bli varsla om per e-post (sendast berre til mottakarar som er registrert som lagleier i TA og til klubbadresse).