Politiattest

Alle med oppgåver i idretten som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming, skal syne fram ei merknadsfri politiattest (barneomsorgsattest). Dette er ein føresetnad for at vi skal kunne ha ein trygg idrett og oppnå idrettsglede for alle.

I IL Høyang handball gjeld følgande rutinar:

  • Treng du attest, ta kontakt med leiaren i handballgruppa. Kontaktinfo på framsida til handballgruppa. 
  • I retur får du ein bekreftelse av føremålet med attesten . Denne lastar du opp i søknadsprossesen hos politiet (digitalt).
  • Er du under 18 år, vil du i tillegg få eit underskriftskjema som føresatte må signere, som lastast opp i same søknadsprosess.
  • Når du har fått tilsendt din attest frå politiet, tar du kontakt med politiattestansvarleg og viser denne fysisk. Klubben skal ikkje ha digital kopi.
  • Attestansvarlig vil no registrere at du har gyldig attest. 


Informasjon om og søknad om politiattest