Foreldrevett
Foreldrevett i handball handlar om å skape eit positivt og støttande miljø for barna som spelar. Som forelder er du ein viktig del av handballmiljøet. Din adferd og ditt engasjement kan ha stor innverknad på barna si oppleving av sporten.
Her er nokre viktige prinsipp for foreldrevett i handball:
- Oppmuntring og støtte: Gi oppmuntring til alle spelarane, både i medgang og motgang. Det er viktig å fokusere på innsats og glede, ikkje berre resultat.
- Respekt for dommarar og trenarar: Støtt dommarane og respekter deira avgjerder. Unngå kritikk og negative tilrop, då dette kan påverke både spelarane og dommarane negativt.
- Tålmodighet og forståing: Hjelp barna med å handtere både siger og tap. Deet er viktig at dei lærer begge deler på ein sunn måte.
- Engasjement: Ver tilstades på treningar og kampar , og vis interesse for barna si utvikling og trivsel. Din positive tilstedeværelse kan bidra til eit godt miljø for alle.
Ved å følge desse prinsippa kan du bidra til å skape ein trygg og positiv atmorfære rundt handballen, der barna kan utvikle seg, ha det moro og oppleve meistring.